Historia om MissMy

IMG_7138

Eg er hjelpepleiaren frå Sunnmøre som sa opp fast stilling på Volda Sjukehus, fylte min kvite Volvo med symaskiner, kenwoodmixar, vakuumpakka garn og stoff i herlige fargar, fjellsko, pappas 35 år gamle fiskestang, en bag kle, og sykkel på taket, og la ut på eit eventyr. Målet var Lyngen, der eg skulle begynne i et 100% vikariat på Lyngstunet helse og omsorgssenter.

Min kreative bakgrunn: Har sydd og strikka frå eg var lita, fekk frie tøylar på ungdomsskulen, så på klassebildet til kl 9E, der har alle 9 jentene like buksedressar kreert og sydd av meg. Har seinare drive firma med mannsbunader frå Sunnmøre som hovednæring, der eg fort såg at medan mannen skulle prøve stasplagget som gjerne tok 2 timar, så fatta damene interesse for vesker og kjolar som eg lagde. Så balla det på seg, deltok på messer rundt omkring, og var meddrivar i sommarmånadane på det vi på Sunnmøre har mykje av i kvar ei bygd: Handtverkkafe. En type kafe, med salg av sveler, kaker, rømmegrøt og handtverk av lokale kunstnarar. Til stor glede for bygdefolk, og forbipasserande.

Så kom ei periode i livet der eg flytta til Ørsta sentrum, fann i grunnen fort ut at uten symaskinene, det store lageret med stoff og strikkegarn, så treivst eg heller dårlig. Mista liksom identiteten min. Så spiren til å finne denne plassen der kreativiteten får blomstre har heile tida vore medvirkande til dei valga eg har teke.

20160926_174318

Så når eg då endelig etter 23,5 timar bak min nedlesste Volvo kom kjørande frå Nordkjosbotn mot Lyngsalpane, fekk sjå det heller bulka skiltet med Lyngen kommune på, ja då fekk eg en merkelig følelse av å ha funne plassen som eg antagelig alltid har leita etter; Gåsehudfaktor!

Kva er det med Lyngen som er så spesielt? Først og fremst liknar Lyngsalpane mykje på Sunnmørsalpane, berre at her er det så mykje større, klarare, naturen kjennest magisk. Lyngen kommune har tett på samme areal som mi heimkommune Ørsta, men i underkant av 3000 innbyggerar mot Ørsta sine 10 000.

Kanskje det er det som er bra for meg, her kan du overalt finne di vesle perle ute i naturen, utan stress og jag, akkurat det er et must for oss kreative sjeler. Og denne bjørkeskogen her nord , er berre magisk! Alle sansane blir så skjerpa, det å høyre naturen, stillheita, elgen som tuslar i skogen, reinen som beitar, nisene som leikar seg i fjorden, skibomsane sine ekstatiske hyl idet dei sett utfor et hjøl for å renne bokstavelig talt heilt ned i fjøresteinane, alt dette og meire til er det som får mine kreative idear til å poppe opp som perler på ei snor. Tenk for en opplevelse det er for vesle meg å sykle til Kuneset midt på natta i magisk midnattssol.

Så for meg har det vore heilt naturleg å ta trimturen etter tidlegvakt ut i naturen, henge opp i trea vesker, kjolar og div som eg har skapt, for å ta fotoshoot. Og bruke denne makelause naturen som kulisser for mine produkt, på den måten blir det Lyngen-reklame og missMy-reklame.

20161022_140655

Min hyllest til Lyngen: No er det sånn her i Lyngen, her er nok jobb for den som vil, men boligar er det mangelvare på, noko eg så smertelig har fått erfare. det å ikkje vite kvar du skal bu i neste veke, pakke ned, bu som turist, og faktisk i 2 månader vere bokstavelig talt bostedsløs, har mang en gong fått meg i tenkeboksa om eg burde gi opp drømmen om “fashion i Lyngen”, og heller starte på nytt en annen plass.

Så når eg tørka tårene på veg opp til Skihytta, i fortvilelse om kvar eg skulle gjere av alt det fine stoffet som var kjøpt inn, (skulle bli en kjole til ei dame i Tromsø) ser dokke, berre det er heilt i mi ånd, få folk frå byane til å kome ut i distrikta for det er der det unike og særegne blir skapt.

Så når mørket kom der oppe i skogen, uten lue og refleks, og eg følte meg mutters åleine, så kom ideen til Lyngenlua med koordinatar i refleks. Så der sat eg på golvet framfor senga og klipte 99 fargerike luer, bestilte trykk i refleks, og skreiv tidenes lengste e-post til ordføraren, møtte opp på kontoret hans og overrekte han et eksemplar, med mi historie.

Før årsskiftet hadde eg solgt nok til å passere omsetningsgrensa, og salget har gått via Virotre. Smart syns eg, for såg fort at på den butikken trakka det masse folk, og lett for turistar å poppe innom. Har også vore så heldig å få eige sy/produksjonslokale der, og er evig takknemlig for hjelpa med å få realisert det hårete målet mitt om å skape “Fashion i Lyngen”. Har i samarbeid med Virotre solgt godt over 1000 stk Lyngenluer til no, sendt over det ganske land, og eg har samtidig sydd luer til andre kommuner.

FB_IMG_1477308184794

Sjølv om eg i utgangspunktet ikkje er for masseproduksjon, ser eg at Lyngennamnet sel godt, og mi lue er produsert i kvalitetsstoff i bomull, og en variant i svært god merinoull, eg legg vekt på kvalitet, i det eg gjer. Lua blir levert med et skredkort, og er meint som et nødvendig onde å ha i  når du ferdast ute, bli sett. Så treff du en kar med Lyngenlue med koordinatane på en eller annen plass i verden, ja då har du møtt en patriot, eller en som har vore på besøk i Magiske Lyngen å kjøpt lokal produksjon made by me:missMy.

No nærmar det seg 1 år sidan lua såg dagens lys, og eg vil markere med ei offisiell opning på Virotre, er i full sving mellom jobben på Lyngstunet, og produksjon av kjolar og luer, med å få laga ferdig ein liten butikk i butikken. Så gode Lyngsværingar, set av laurdag 29/10, kom å bli med på opninga, me sveler og nogot godt i glaset, og kanskje kjem ordføraren og klipper snora.

Målet vidare: Håper sjølvsagt å ein gong kunne leve av missMy, men foreløpig er eg avhengig av sikker jobb som hjelpepleiar som hovednæring. Har vore et lærerikt år på godt og vondt, utallige timar med tenking, logistikk, forsinkelsar, uvisse, og altfor lite tid til å nyte naturen. Ensom til tider, men har heile tida levd etter prinsippet; Det er i motbakkar det går oppover!

Sjå gjerne sida mi på Facebook.