Lyngenlua med refleks-koordinater har vorte godt motteke blant folk både med tilknytning til Lyngen og Lyngsalpane, og turistar. Lua er produsert i ein standard vaksenstørrelse, men etter ønske frå fleire blir ho no laga ein tanke større.
Lyngenpanneband er eg også i gang med. Tanken er å få produsert også til andre alpekommuner, men med liten plass å produsere på, og med mesteparten av sy/saker ståande på lager, tek ting litt tid, då eg gjer det meste åleine, frå ide til ferdig produkt.
Lue og panneband er i særs god, økomerka bommulsjersey. Begge finst i fargane svart, mørk lilla, marine, koboltblå, turkis, eplegrøn, lime, raud, oransje, cerise, lys rosa og gul. Lua kjem også i ei merinoull-utgåve.
Eg har nytta det lokale trykkeriet Asvo til utforming og trykk, og lua blir solgt via Virotre AS på Lyngseidet. Tanken bak produksjonen for missMy er å støtte og styrke det lokale næringslivet, vinn-vinn for alle. Min draum er å ein dag få vere med å produsere “fashion from Lyngen”.
Lyngenluer (og panneband)
Ta gjerne ein kik på dei andre produkta eg har laga, dei finn du her.