Produkt

Nedanfor kan du sjå nokre av produkta eg har laga. Klede, strikk og vesker, og litt diverse – både nedtona og fargesprakande variantar! Om du ønsker å bestille, ta gjerne kontakt her.

Klede/Strikk
Når eg syr klede er det gjerne i tova ullstrikk, jersey, chenille, lin eller dongeri. Kleda kan vere i alt frå sarte, fine, avstemte fargar, ton i ton – til blomstrete, prikka og skikkeleg gla’-fargar. Alt for at kunden skal føle seg flott, uansett størrelse og fasong. Når det gjeld plagg som ullfiltkåpa du ser i albumet, kan ho syast i forskjellige fargar. Eit sitat eg er glad i: “En kvinne bærer ikke klær, hun tillater klær å bli båret av henne”.

  • Vis alle
  • Klede

Vesker
Eg syr i forskjellig stoff av kraftig bomull, gobelin. Her også fell eg gjerne for fargerike og sprelske stoff, og sjelden meir enn 2-3 av samme stoff. Syr også sminkepung av rest-stoffet for den som vil ha det. Veska er stor og romar det meste, med innerlomme med glidelås og mobillomme, ei perfekt reiseveske grunna vekt, trygg oppbevaring av pass og lommebok. Du ber veska tversover med glidelåset framme, og til shopping og som jobbveske er ho super. Ofte lagar eg veske i stoff/farge som matchar antrekket – dvs. som til poncho, kåpe, kjole.

  • Vis alle
  • Vesker

Lyngenlua (og panneband)
Desse luene og pannebanda er såpass viktige for meg at eg har via ei eiga underside til dei! Du kan du lese om – og sjå bilete av dei – her.